Om festivalen

OM OSS

Fjaler er ein liten kommune  i Sogn og Fjordane med  knappe 3000 innbyggarar. Kommunesenteret ligg i den vesle bygda Dale i Sunnfjord, og mykje av festivalen går føre seg her.  Den fyrste Teaterfestivalen i Fjaler vart arrangert i 2013, og har gått av stabelen kvart år i september sidan.


Vi programmerer festivalen ut frå ein tematisk overbygning, og legg vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå. Vi  presenterer engasjerande scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet, og inviterer til debattar, foredrag og andre aktivitetar med utgangspunkt i programmet. 


Med tema som "Perifere forteljingar" (2013), "Skog" (2014), "Fjord" (2015), "Ras"(2016) , "Antropocen" (2017) , "Utanforskap" (2018), "Motmakt/Avmakt" (2019) har vi lagt vekt på å vere ein samfunnsengasjert festival, og leiter heile tida etter krysningspunkt mellom den lokale konteksten og globale problemstillingar. I 2020 var koronarestriksjonane utgangspunktet for programmeringa, og vi gjennomførte ein stor festival med mykje utandørs framsyningar.

I 2021 begynte vi på ein ny serie festivalar som hadde fokus på menneske og and, gjennom temaene "Tru" (2021), "Håp" (2022) og "Kjærleik" (2023). I 2024 er temaet "Fridom".

FRIVILLIG

Vil du vere frivillig ?


Å vere frivillig er som regel den beste måten å oppleve  festivalen på; i tillegg til at det er sosialt og kjekt, får ein festivalpass og invitasjon til eit av høgdepunkta på festivalen: festivalnatt på laurdag kveld.


Vi treng frivillige til både billetsal, brødbaking, matnemnd, kafé, rigg, køyring, scenemannskap, brannvakt, vertskap, mm. 


Vil du vere med ?


Kontakt Kristin Skiftun på: 926 99 462

Eller send oss ein epost:  teaterfestivalenifjaler@gmail.com

MAT OG OVERNATTING

Mat:

I Dale sentrum finn du kaféane Allmuen og Fabel.

Festivalkaféen på Samvirket har enkel mat, og barservering på kveldstid.

Matbutikker er open fra 07:00 til 23:00 (21:00)

 

Overnatting:

Fabel Kafé og Motell har fine rom midt i Dale sentrum, men om du er villig til å reise litt

er det mange fine alternativ ein liten svipptur unna. Her er nokre tips du kan prøve:


Fabel Kafé og Motell: www.fabelkafe.no

tlf: 40070470

 

UWC Connect: www.uwcconnect.com 

tlf: 57737000

12 km fra Dale


Lillingstonheimen: www.fortidsminneforeningen.no/booking/bo-pa-lillingstonheimen-i-sunnfjord

16,5 km fra Dale


Askvoll Fjordhotell: www.askvollfjordhotell.no

tlf: 57733535

22 km fra Dale


Yndestad Gard: www.yndestadgard.no

tlf: 57737577

28 km fra Dale


Lammetun Ferie og fritid: www.lammetun.no

tlf: 47283634

40 km fra Dale