Radio fjaler

RADIO FJALER - live podcast på Kaféscena i Samvirket 

Radio Fjaler inviterar festivalkunstnarar og fagfolk til gode og grundige samtalar i vår koselege festivalkafé. Her tar vi aktuelle debattar, og publikum kan få eit innblikk i tankane bak årets program. Årets festival har tema FRIDOM, og vi har fleire spennande samtaler med utgangspunkt i det.  

TORSDAG 05.09. kl. 15.30:

Om å dyrke sin hage, mens verda brenn.


Den franske filosofen Voltaire meinte at det  "å dyrke sin eigen hage", kunne vere det beste bidrag i ein kaotisk verd.  Skru av nyhendene, og stikke henda i jorda. 


I framsyninga "Stumfilm" møter vi ei kvinne som vil stenge verda ute, men opplever at den "blør inn overalt". I "Pusterom" møter vi eit par som ikkje veit om dei tør å få born i ei verd som brenn, medan i "Rand Ensemble" får vi eit møte med filosofien til Ayn Rand - som har vorte ein ledestjerne for høgresida, med sine tankar om individets fridom, og at ein berre har ansvar for seg og sine. 


Vi har invitert Cecilie Lundsholt, teatersjef på Teater Vestland, til å ta ein prat med skaparane av desse verka, om ulike strategier ein kan ha i møte med ei stadig meir alvorstynga verd, og kva dilemma ein møter. 


I panelet: Rebekka Nilsson (regissør, Stumfilm), Øyvind Osmo Eriksen (regissør og forfattar av Rand Ensemble), Harald Nødtvedt (skodespelar, Pusterom).

Varighet: 45 min

FREDAG 06.09. kl. 16.00:

Mennesket i det totalitære


I Sci-dystopien “Epp” skriven av Axel Jenssen i 1966 er hovudpersonen ein som i stor grad kjemper for å holde seg ukritisk lukkeleg, og forsvarer bombetokter utført av førarlause drapsroboter. I "People of the Earth" møter vi ei kvinne som må flykte frå diktuaturet i Chile på 80-talet, medan Blodklubb drøfter undertrykking og fridom og å vere sin eigen nasjon i ein stat.


Vi har invitert skaparane av desse framsyingane til ei samtale med litteraturprofessor Arild Linneberg. Han har vore med å omsetje Hannah Arendt sin bok "Om totalitarismens opprinnelse" og hennar essay "Om friheten". 


Med utgangspunkt i festivaltemaet FRIDOM, spør vi: Hva får oss til å innordne oss, eller til å gjere motstand? Kva konsekvensar kan det få?



I panelet: Tormod Lindgren (regissør, Epp), Angy Avenado (skapar av "People of the earth") og Sigmund Skaaden frå Blodklubb.

Bilete: Pushwagner si illustrasjon av hovudpersonen i EPP.

Varighet: 45 min

Søndag 08.09. kl. 14.00:

Fridom frå sjukdom og svolt - om husmenn og mattryggleik. 


Velferdsstaten sin klassiske fridomstake er "fridom frå fattigdom, sjukdom og svolt". Dette er grunnleggende vilkår for fridom til å forme eigne liv. Dette er ikkje noko som alltid har vore sjølvsagt og vegen til der vi står i dag har vore lang. Her i Sunnfjord var ein sterkt plaga med sjukdom og pest - mellom anna var Sunnfjord ei av dei stadene i Europa som hadde mest lepra. 


Framsyninga "Blaff" tek utgangspunkt i røyrsle frå husmannsbevegelsen, medan "Korn" tek føre seg kjærleiken til jorda. Vi har invitert Fjaler sogelag til ei samtale med skaparane av desse to framsyingane, for å knytte bånd mellom lokalhistorie og tematikken som vert behandla i desse framsyningane. 


I panelet: Berit Einemo Frøysland (skapar av "Blaff"), Tiril Pharo (skapar av "Korn"), Fridtjov Urdal og Aud Slettehaug. 


På biletet: Kristianne, frå husmannsplassen Skarpa i Dale, omlag år 1930. 


Varighet: 45 min