5. - 8. SEPT. 2024
The Krumple er eit teaterkompani med internasjonalt nedslagsfelt, som jobbar med utgangspunkt i ein fysisk teatertradisjon. Dei har gjort stor suksess på festivalen tidlegare, med framsyningane YOKAI og Go to sleep, goddamnit! (2016).
I deira heilt nye soloframsyning SOLA møter vi ein komande far som kjempar med sine indre demonar. Han møter seg sjølv i døra; ein mann som har problem med å sjå meininga med livet, og manglar tru på framtida. Korleis havna han her ? For å finne svar dukkar han ned i sin eigen barndom.
SOLA er ei leiken, offbeat og mangfaldig teateroppleving av the Krumple, som finn sin inspirasjon i krysningspunktet mellom filosofiske forteljingar, urgamle åndelege tradisjonar og slapstick-komedie. Framsyninga vert produsert på Samvirket Scene i Dale sommaren 2021.
Av og med the Krumple. Utøvar, manus og regi: Vincent Vernerie, med-regissør: Jo Even Bjørke, dramaturg og produsent: Oda Kirkebø Nyfløtt, utvikling og scenografi: Frode Gjerløw, lysdesign: Agathe Patonnier, lyddesign: Cédric Colin, lys- og lydteknikar: Yasin Gyltepe, kostymeassistanse: Madeleine F. Røseth og Madeleine Barosen Herholdt. Framsyninga er støtta av Norsk Kulturråd og Dramatikkens Hus, og er utvikla i co-produksjon med PreForm, Fossekleiva Kultursenter og Teater Vestland