UTANFOR BORTANFOR/ KHIO MASTER

UTANFOR BORTANFOR/KHIO master 


LAURDAG 07.09 kl. 13.00-15.00

     KJERRINGGJELET  

Ei leiken skogsvandring utanom det vanlege! 


Eit individuelt og kollektivt samarbeid mellom masterstudentar i teater ved Kunsthøgskolen i Oslo, og lokale aktørar i Fjaler.

Konsept og regi: Johanna Øyno, Daniel Frikstad, Katarzyna Sanak, Stefán Hallur Stefánsson, Timothée Neie.

Dramaturgisk veiledning: Nora Frizzi Auerbach, Ben Denke. Produsert av Teaterfestivalen i Fjaler i samarbeid med KHIO. Lokale medverkande: born frå Elvetun og Yksnebjør barnehag, seniorer frå Fjaler Sjukeheim, musikarar frå Dale musikkorps, songarar frå koret i Dale, ungdom frå kulturskulen og Anni Holm. 

Foto: Jakub Martys

Vi fortsetjer vårt samarbeid med Kunsthøgskulen i Oslo (KHIO) og deira masterstudentar i teater.  Denne gongen vil dei samarbeide med lokale aktørar og ta utgangspunkt i Kjerringgjelet, ein litt bortgløymt leikeskog rett bak Dale sentrum. Her vil dei utforske skogen sitt potensiale for fridom og leik. Resultatet er ei fantastisk vandring full av opplevingar for heile familien. Publikum vil oppleve song og dans, kanskje ei mystisk hulder, og hovudpersonen selv: skogen.


"I skogen finn vi godteposar som fyller sjelen med energi.


Det kjem ovenfrå. Vi løftar blikket opp. Verda som utfoldar seg vertikalt. Rørsle i ulike høgder. Det er modig å være der oppe kor tyngdekrafta kan velte deg. Det er og trygt og oversiktlig.

 

Det kjem nedenfrå. Er det så smått at vi ikke kan sjå det som er under oss? Neida, vi kan bare bevege oss nærare. Tett, tett innpå. Der. Det myldrar av eksistensar.


Vi finn det inni. Ei gammal trehytte. Liv som har levd finnast fortsatt. I veggane? I minnet ? Vekker stilla noko inni deg?"


Arrangementet er gratis og ope for alle. Vandringa gjennom skogen har partier med ulendt terreng, så vær forsiktig når du går. Gode sko er å anbefale!