KORN / Tiril Pharo

KORN / Tiril Pharo

FREDAG 06.09 kl.12.30

SØNDAG 08.09 kl. 11.00 og 18.00 

FOSSEVIKJA 


Ei storslått forteljing om kjærleiken mellom menneske og matjord, og mellom to idealistiske bønder.

Korn av Tiril Pharo er ei storlslått forteljing, som vert spelt i dei nydelege omgjevnadene i Fossevikja i Dalsfjorden. Det handlar om kjærleik til menneske og natur, og om fridom til å velje det livet ein vil leve. Hovudpersonen er odelsjenta og arkeologen Liv. Når faren hennar dør midt i skuronna, står ho ovanfor eit val: Skal ho ta over familiegården, eller skal ho selje og halde fram  livet i byen? Før ho får tatt valet,  møter ho sanker-jeger-mannen Ask. 


Under framsyinga får publikum kvart sitt headset. Gjennom dei høyrast stemmar frå fortid og notid, saman med lydar frå traktordur, sauebrek og kornaks i vinden. Handlinga utspelar seg rundt dei, medan dei vandrar rundt i kulturlandskapet. 


Korn er jubel for bonden, jorda og jordbakteriane. Kven er det som jobbar for brødskiva di? Kor kjem kornet frå? Ta på gummistøvlane, gå i landskapet, kjenn på kornet og bli skitten på fingrane! Bli med i det store dramaet om vårt daglege brød. 

Korn er skapt av bonde og teaterregissør Tiril Pharo, og er produsert på Åsheim Gård i Spydeberg. 



Søndag kl. 14.00 vert det ein samtale på Samvirket Scene med skaparane av `Korn` og `Blaff`, saman med Fjaler Sogelag.

Meir om samtalen her. 

Medverkende: Konsept, scenetekst og regi: Tiril Pharo | Skodespelarar: Tiril Pharo, Marie Longva Danielsen, Kadir Talabani og Sebastian Warholm | Co-regi: Kornelia Melsæter | Lyddesign: Andreas Lyngstad | Dramaturg: Lene Therese Teigen | Koreograf: Sigrid Edvardsson | Teknisk koordinator: Kristoffer Nicolaysen | Produsent: Ingrid Saltvik Faanes/Syv mil AS. Prosjektet er støtta av Kulturrådet, Fond for lyd og bilde, Østfold fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, Scenekunstbruket, Dramatikkens hus og Bergesenstiftelsen. I samarbeid med Østfold Internasjonale Teater og Teaterfestivalen i Fjaler. Foto: Kristin Aafløy Opdan


Varighet: ca 90 min


Framsyninga vert spelt i Fossevikja - og ein kjem dit på eiga ansvar. Ein må påreikne ei vandring på ca 35 minutt fra parkeringsplassen

ved brufestet på Ottersteinen. Terrenget er ulendt, men det er god sti. Ta kontakt med festivalen om du treng hjelp med å komme deg

fram! Informasjon om oppmøtested kjem til billetkjøparane i god tid.


Nb seinaste oppmøte i Fossevikja er 15 min før framsyninga startar.