5. - 8. SEPT. 2024
Det Historiske Slaget om Dale er ei interaktiv framsyning for born, om ein ganske maktsyk konge. Undersått Ballè Fransè og Lakei Burrito ankommer Dale og annonserar at Kong Durian den Grimme har kommet til bygda. Om innbyggarane hyller ham som ny konge, skal han oppgradere bygda med alt dei måtte ønske. Han har allereie vore i nabobygda og installert badebassenger og trampoliner. Men er Kong Durian den Grimme verkeleg så god som han gir seg ut for å være ?
Det Historiske Slaget om Dale er fullspekka av humor, interaktivitet, ekstravagante kostymer og fargerike karakterar. Framsyninga vart opprinnelig laga våren 2020 under tittelen Det Historiske Slaget om Bakgården, og turnerte i bakgårdane til ein befolkning som var tvungne til å halde seg heime. Framsyninga turnerer også med Den kulturelle skolesekken under navnet Det Historiske Slaget om Skolegaarden. Dette er ein spesialversjon tilpassa festivalen - og den vert spelt på Teaterdag for born, for alle barneskuleelevar frå Hyllestad, Askvoll og Fjaler.
Feil Teater er eit Heddaprisvinnande kompani som har spesialisert seg på å lage gode, interaktive framsyningar for born.
Varighet: Ca. 40 minutter