FESTIVALNATT MED REAL ONES

FESTIVALNATT MED REAL ONES m. fleir! 


LAURDAG 07.09 kl. 20.00

KLOKKARGARDEN 

JAKOB SANDE-TUNET

Ein magisk kveld i Klokkargarden med bål, dans, matservering og konsert ! 

Laurdagskvelden inviterer vi til ein magisk kveld i Klokkargarden ! Legendane i Bergensbandet Real Ones toppar kvelden, som ellers byr på eit nytt og spennande matkonsept, der publikum vil få servert ein unik 3-rettars lokalmat-meny, laga av den kjende kokken Nils Henning Nesje i samarbeid med lokale matprodusentar. Menyen er inkludert i inngangsbilletten og serveringa vil føregå innimellom programmet. Kvelden vert ellers fylt av musikalske opplevingar; visesongar Simen Sormo Say, det ambiente fjalerbandet Pathways, folkemusikklaget Havbrusen, for å nemne nokre. Det vert stort bål, og dans utover natta med DJ Amin. Dette vert ein kombo av tradisjonell løefest og velprodusert stadion-festival og vi håper absolutt heile bygda kjem!


Real Ones er kjent for mange fjalerbuarar- mellom anna spelte dei ein av dei fyrste konsertane sine på Gjesten i Dale på 90-talen. I tre tiår har dei imponert presse og publikum som eit av dei mest originale banda i Noreg - og definitivt eit av dei beste livebanda vi har i sin sjanger. Dei har spelt konsertar på alle kontinent.  I fjor kom det kritikarroste albumet  “Love Your Mother”, med ein tittellåt tilegna gruvemotstandarane i Vevring. No jobbar dei med sitt fjortande album - og det er visst berre å gle seg til det kjem ! Kanskje slepp dei nokre nye låtar fra scena i Klokkargarden ? 


”Real Ones har lenge vært Norges isærklasse beste liveband. Kanskje er de Norges beste band, punktum.”– (Sven Ove Bakke, Dagbladet)



Området opner kl. 20 00, matservering fram til konsertstart rundt kl. 22.30. Medverkande: Real Ones, lokale musikarar, Havbrusen, Dekor m.fl. 


Ungdom under 18 er velkomne i følge med vaksne.


*Arrangementet er ein vidareføring av frivilligfesten, med ynskje om å opne festivalen for fleire og kunne satse på større artistar på laurdagskvelden. Som på fjorårets festivalnatt på Piazza Dale, vil frivillige som arbeider på festivalen og medverkande artistar få fri ingang på arrangementet.