BROCHMANN 1936

BROCHMANN 1936/ Fjaler turnéteater 


FREDAG 06.09 kl. 12.30

SØNDAG 08.09. kl. 12.00 

KOMMUNESTYRESALEN I FJALER

Portrett av ein annleistenkjar på Stortinget, like før utbrotet av 2. verdskrig. 

Skodespelar Kyrre Eikaas Ottersen og regissør Torkil Sandsund har jobba saman fleire gonger tidlegare, mellom anna med framsyniga "Bondetinget", om annleistenkjaren og småbrukaren Helge Bergo. No har dei tatt fatt på ei ny annleistenkjar; Bertram Dybwad Brochmann.


Bertram Dybwad Borchmann sat på Stortinget som einaste representant for Samfunnspartiet frå 1934 - 1936. I ein interpellasjon frå 1936 spør han om den kommande verdskrigen kan avvergast, om ein vitenskapeleg kan klargjere krigsårsakane. Han var forvissa om at korkje Sovjet, Tyskland eller Italia ynskte krigen. Han argumenterte for at Noreg si interesse var å bevare freden, og kjempa for at Noreg ikkje skulle bryte sin nøytralitet ved å bli med på den engelske handelsblokaden mot Tyskland, som han meinte ville trigge eit krigsutbrot. 


Etter krigen vert Brochmann tiltala for Landsvik, og det er denne rettsaka som utgjer ramma for framsyninga.

Dette er eit portrett av ein annleistenkande, med tankar som kan vere relevante også i dag. Stykket er ein enetale, som gir eit innblikk i denne mannens kamp bode før og etterhan vart dømt for landssvik og bygger på Brochmanns eigne skrifter, rettsdokument og opptak frå taler han har holdt.


Prosjektet er under utvikling og dette er ei arbeidsvisning. 


Manus og regi: Torkil Sandsund, Skodespelar: Kyrre Eikås Ottersen frå Teater Vestland. 

Dramaturg: Marianne Solberg.

Prosjektet er støtta av Teater Vestland og Fritt Ord.


Varighet: ca 60 min