5. - 8. SEPT. 2024
Danseframsyninga BLAFF er eit sjelemaraton med musikalske og visuelle forteljingar om husmenn, arbeid og handverk. URPREMIERE !
Blaff er ei danseførestilling, eit sjelemaraton, ei legende om upåfallande menneske. Førestillinga handlar om korleis bakgrunnsfigurar og skjebnar med knappe ettermæle kan lyftast fram att, og det er teken utgangspunkt i spora etter husmansslekter.
Tre dansarar arbeider, knyter seg saman og rekk opp att, medan musikk og tekst blir vevd inn. Til grunn for prosjektet ligg ein fascinasjon for alt levd og svunne, tid, død og arbeid med hendene som noko intergenerasjonelt, som noko som både knyt oss saman og skil oss som menneske.
Berit Einemo Frøysland (1992) kjem frå Lærdal i Sogn, bur i Bergen og er dansar, koreograf og skribent. Ho er utdanna ved Balettakademien i Stockholm, Westerdals (tekst og skribent) og SpinOff Forstudium i dans. I frå 2016-2021 hadde ho base i Berlin og skapa fleire eigne verk både der og i Noreg, mange av dei saman med tvillingsystera Anna Einemo Frøysland – som duo var dei med i Nasjonalballetten sin satsing for unge koreografar (2020-2022), og har ellers jobba med fleire etablerte koreografar. Ho har òg eit verke som kritikar og skriv om dans og teater for Norsk Shakespearetidsskrift.
Koreografi og tekst: Berit Einemo Frøysland
Dans: Karen Eide Bøen, Synne Erichsen, Noelle Elyza Guinoo Deriada Musikk: Øyvind Hegg-Lunde
Lys: Randiane Aalberg Sandboe
Kostyme: Zofia Jakubiec
Stemme-innlesing: Reidun Melvær Berge
Dramaturgi/sceneinstruktør: Ingrid Askvik
Produsent: Syv Mil/Ingrid Saltvik Faanes
Co-produsentar: Teaterfestivalen i Fjaler, PreForm AS, BiT Teatergarasjen, Proscen, SPRANG, Lærdal Kulturhus, Det Vestnorske Teateret
Støtta av: Kulturrådet (Fri scenekunst prosjektstøtte - dans, Komposisjon og produksjon), Fond for lyd og bilde, Bergen Kommune, FFUK.
Varighet: ca 60 min