BONDETINGET/TEATER VESTLAND

LAURDAG 11. 09 kl. 17.30

SØNDAG 12.09 kl. 12.00

UNGDOMSHUSET TRUDVANG

- Ein dokumentarisk "true crime" om norsk landsbrukspolitikk ! 

I år feirar Norges Bondelag 125 år i teneste for den frie, norske bonden. Landbruket har vore i ei rivande utvikling. No produserer snautt 40.000 bønder meir mat, og det billigare, enn 225.000 bønder gjorde etter krigen. Dagleg vert det lagt ned 3 gardsbruk, og aldri før har så få produsert så mykje for så lite.

 

Noko er stole frå dei norske distrikta. Konsekvensane er utarma bygder, nedlagde gardar, utdøyande bygdesamfunn og eit raseri som feiar over landet vårt i val- og jubileumsåret 2021. Korleis kom vi hit? Kva hende med dei 200.000 som forlét næringa - og kva vil hende med dei som er att? Kan ein i det heile tatt snakke om at bonden er fri?

 

Framsyninga «Bondetinget» i regi av Torkil Sandsund er ei undersøking og eit djupdykk ned i historia. Vi samlast til bondeting for å granske leiande tankar i landbruket frå Norsk Landmandsforbund var stifta i 1896 og fram til i dag.

 

Framsyninga varer i ca. 2 timar inkludert pause. 


Av Torkil Sandsund
Regissør Torkil Sandsund
Dramaturg Cecilie Grydeland Lundsholt og Aslak Moe
Lysdesignar Krystian Myska
Visuelt uttrykk Torkil Sandsund

Medverkande Kyrre Eikås Ottersen