Fjaler er ein liten kommune i Sogn og Fjordane med knappe 3000 innbyggarar. Kommunesenteret ligg i den vesle bygda Dale i Sunnfjord, og mykje av festivalen går føre seg her. Den fyrste Teaterfestivalen i Fjaler vart arrangert i 2013, og har gått av stabelen kvart år i september sidan.
Vi programmerer festivalen ut frå ein tematisk overbygning, og legg vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå. Vi presenterer engasjerande scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet, og inviterer til debattar, foredrag og andre aktivitetar med utgangspunkt i programmet. Med tema som "Perifere forteljingar" (2013), "Skog" (2014), "Fjord" (2015), "Ras"(2016) , "Antropocen" (2017) , "Utanforskap" (2018), "Motmakt/Avmakt" (2019) har vi lagt vekt på å vere ein samfunnsengasjert festival, og leiter heile tida etter krysningspunkt mellom den lokale konteksten og globale problemstillingar. I 2020 var koronarestriksjonane utgangspunktet for programmeringa, og vi gjennomførte ein stor festival med mykje utandørs framsyningar. Og i 2021 begynte vi på ein ny serie festivalar som hadde fokus på menneske og and, gjennom temaene Tru, håp og kjærleik. "Tru" 2021 - "Håp" 2022 - "Kjærleik" 2023.
Vil du vere med ?
Kontakt Kristin Skiftun på: 926 99 462