WAYFARING STRANGER/JEFF PEDERSEN  


LAURDAG 09.09 kl. 16.00

JENSBUA KYSTKULTURSENTER 


 


-Original vev av bluegrass, figurteater og forteljeteater. 


Jeff Pedersen er ein amerikansk skodespelar og regissør, som flytta frå ei lovande teaterkarriere i London til den vesle bygda Stongfjorden- på grunn av den store kjærleiken.  I framsyninga  «Wayfaring Stranger» fortel Jeff Pedersen si personlege historie om sitt store val og konsekvensane det har hatt. Historia er full av både kjærleik og smerte, og Pedersen fortel den ved hjelp av songtradisjonen røtene hans er djupt planta i; amerikansk bluegrass. Framsyninga er produsert i samarbeid med islandske Handibendi Puppet Theatre, og er ein fascinerande vev av musikal, figurteater og forteljeteater. 


Historia som vert fortalt handlar om kjærleik, smerte og tap,  og om korleis desse kjenslene kan verke motiverande. Det handlar om prisen for å forlate heimstaden sin og ta farvel med sine næraste og kjæraste. Som scenekunstnar og amerikansk innvandrar i ei lita vestlandsbygd, fortel Pedersen frå eit perspektiv det er vel verd å lytte til. Vi er glade for å kunne vise denne originale og personlege framsyninga i eit av Fjaler sine finaste lokale; på Jensbua Kystkultursenter. 


Det vert sett opp buss frå Dale sentrum kl. 15.20.  Turen til Jensbua tek om lag ein halv time, og framsyninga varer i nærare to timar. Ein er tilbake i Dale før kl. 19.00 laurdag, om ein også skal sjå "Mor av en nasjon" på Samvirket. 





Manus, idé og regi: Jeff Pedersen, scenografi, dukkedesign: Greta Clough, dukkeregi: Sigurdur Lindal, teknikar: Steinar Skadal, lysdesign: Jan Holden, dukkeførarar: Per Arne Løset, Stein Ove Øygardslia og Jan Holden, Skodespelarar/musikarar: Jeff Pedersen, Jacob Wyrtz, dramaturgi- og manuskonsulent: Aslak Moe, produsent: Charlotte Faaberg-Johansen, Syv Mil AS. Prosjektet er støtta av Norsk Kulturråd, Fond for Utøvende kunstnere, Askvoll kommune og Norsk Islandsk samarbeid. Foto: David Zadig