VARM MELK MED HONNING/MAIKEN FRISCH SHJØLL 


FREDAG 09.09 kl. 17.30

TRUDVANG


-Romantisk komedie med brodd ! 


«Varm melk med honning» har vore ei skikkeleg hit-framsyning sidan premieren på SALT art & music våren 2022. Den har sidan gjestespelt på fleire nasjonale scener,  og blitt hylla av både kritikarar og publikum. Framsyninga er nominert til Heddaprisen for beste teaterframsyning for ungdom. «Varm melk med honning» er ein romantisk komedie om eit livslangt forhold mellom to kvinner, ei leikande lett og viktig forteljing som også svir og sparkar der det trengst. 


I «Varm melk med honning» møter vi Ronja og Oda. Når stykket begynner, er dei unge vaksne, og det er morgon. Dei kjenner kvarandre ikkje. Hugsar ikkje eingong kva den andre heiter. «Kva skjedde i går?» Den litt forvirra, lett fyllesjuke morgonen er starten på ei vakker og livslang kjærleiksforteljing der det både vert giftarmål, barnefødsel, overgangsalder og alderdom. Men vi får også kjenne på små og store kampar knytta til det å vere skeiv.


«En sjelden teateropplevelse, vittig, viktig, varm og dyptgripende»

Dagsavisen (terningkast 5 ) 



«Kjemien dem imellom er en superkraft i seg selv. Men den aller største superkraften, er at stykket forteller en allmenn historie fra et skeivt perspektiv. En historie som er lys, menneskelig og ærlig.»

Aftenposten (terningkast 5) 



«Vakkert, sårt og svært sjarmerende (...) Etter publikums reaksjoner å dømme, føles det helt åpenbart at et slikt teaterstykke burde eksistert på norske scener tidligere»

Natt & Dag 



Manus: Maiken Schjøll Frisch, skodespelarar: Tora Dietrichson og Maiken Schjøll Frisch, regi: Kristi-Helene Engeberg og Maiken Schjøll Frisch, musikk: Tora Dahle Aagård, produsentar: Andrea Therese, Maiken Schjøll Frisch og Kristi-Helene Engeberg, teknikar: Alexander Jørgensen. Støtta av Salt art & music, Dramatikkens Hus, Fritt Ord og Oslo Kommune. Produsert på Salt art & music