RADIO FJALER UNG


TORSDAG 08.09 kl. 16.30

KAFESCENA SAMVIRKET


- Skjerp deg, Fjaler ! 


Radio Fjaler inviterer inn unge fjalerbuar mellom 13 og 20 år til ei drøfting av heimstaden !


Kva elskar vi med å bu i Fjaler ? Kva hatar vi ? Og fire dagar før lokalvalet; kva bør politikarane endre for å gjere Fjaler til ein betre plass å bu for dei som er under 20 ? Og kva moglegheiter ser de i nye Samvirket ?  


Samtalen vert leia av Asta Nuka Fruelund Gabriel. Ho er student ved United World College, driv sin eigen podcast og er - trass sine unge år - ein erfaren samtaleleiar. Podcasten hennar, Point of you, kan du høyre her:

https://podtail.com/da/podcast/point-of-view/


Det er gratis inngang på alle Radio Fjaler sine arrangement, og du kan også høyre sendingane streama i etterkant. Biletet er frå Teaterfestivalen i 2022, då Unge Stemmer-redaksjonen vitja kommunestyret.