ROMEO OG JULIE/K13 


LAURDAG 09.09 kl. 10.00

KOMMUNESTYRESALEN I FJALER

- Ein klassikar frå første stund - leiken og lett versjon av den største kjærleikshistoria av dei alle ! 


«Romeo og Julie» av William Shakespeare er eit av dei mest kjende teaterstykka i verdshistoria, og ei av dei sterkaste skildringane av ung og brennande kjærleik. Men «Romeo og Julie» er ikkje berre ei kjærleiksforteljing, den handlar også om konsekvensane av hat og konflikt.


K13 sin versjon er ei interaktiv historieforteljing der enkle verkemiddel og nokre få rekvisittar gjer historia om Capulet og Montague-familiane levande. Framsyninga er skapt med tanke på ungdom som er like gamle som Romeo og Julie var (dei var 14 !), men den engasjerer publikum i alle aldrar. Den tek opp i seg dei moralfilosofiske aspekta og politiske referansane ved klassikaren, med mål om ytterlegare diskusjon og refleksjon.  


Framsyninga hadde premiere på Festspillene i Bergen i 2018. Den vann «Fringe spirit Award» på Bergen Fringe samme år. I 2019 fekk framsyninga publikumsprisen under festivalen «Dine into the theatre» i Kaunas, Litauen (Kaunas National Drama Theatre) og «Nordic fringe network Award» under Reykjavik fringe. 



Medverkande:  Konseptutvikling: Jorunn Lullau og Steinar Thorsen. Manusutvikling: Jorunn Lullau, Steinar Thorsen, Lasse Åkerlund. Regi: Lasse Åkerlund

Skodespelarar: Jorunn Lullau og Steinar Thorsen. Produsent: Hjørdis Steinsvik, Syv mil. Produsert i samarbeid med Festspillene i Bergen
Støtta av: Bergen kommune, Spenn.no, Fond for lyd og bilde