PARPROSJEKTET/FAUSKE FAMILIEVERNKONTOR


LAURDAG 09.09 14.00 og 17.00

SUNDAG 10.09 11.00 

PRIVATE HUS I DALE, OPPMØTE v/ GAMLE MOLOEN

- Livet, gjennom ein parrelasjon - ei teaterreise gjennom bustadhus i Dale !  


Eit kjærastepar blir til. Eitt år går, to år, det går ti, det går tjue-tredve år. Vi følgjer dei gjennom gatene, inn dører, bak veggene, inn i stovene. Vi ser. Høyrer. Sommarfuglar. Berre føter over golvet. Fnising frå eit kott. Og ein rygg som ristar. Stille gråt frå badet. Roping. I gode og vonde dagar. Dei ser ikkje oss. Og etter kvart, heller ikkje kvarandre. 


Regissør og dramatikar Eirik Fauske er kjend for sine vare og fine teatertekstar, med eit særskilt blikk for det underlege i det kvardagslege. Med "Parprosjektet" vil han iscenesetje ein parrelasjon over fleire år, gjennom å ta publikum med på ei intim teaterreise,  med tre ulike bustadshus i Dale som scene for framsyninga. 


Fauske har stått for fleire framsyningar på Teaterfestivalen.  Alt på den første festivalen i 2013 stod han på plakaten med  framsyninga "Lindås",  i 2014 utvikla han "Sorgarbeid" i skogen ved Dalsåsen, og i 2019 tok han publikum med ut på ei teatral bussreise til Lammetun med framsyninga  "Vi er dette auget", som enda ytst i havgapet. 


Regi og tekst: Eirik Fauske, Dramaturgi: Marit Grimstad Eggen, Stemmer: Marie Blokhus og Oddgeir Thune

Skodespelarar: Line Starheimsæter og Sigurd Myhre. 

Musikk/komponist: Cisser Mæhl. Shopping og kostymer; Fredrik Floen. Prosjektet er støtta av Kulturrådet og co-produsert saman med Teaterfestivalen i Fjaler.