MAIH 


SPELAR PÅ:

-SAMVIRKET UNG TORSDAG

-FESTIVALNATT PÅ DALE PIAZZA LAURDAG 




- Intimkonsert med MAIH ! 


Martine Håland er ein artist og låtskrivar frå Dale. Under artistnamnet MAIH  er ho i ferd med å ta steget ut i verda, og vert av musikkbransjen rekna som ein  spennande nykommar. Med inspirasjon frå det skandinaviske popuniverset, lagar MAIH fengande nostalgisk pop med eit hint av melankoli. 


I november 2022 sleppte MAIH singelen “Let Him Let Me Go”, som etter kort tid vart anbefalt av P3 Urørt. Med denne låten vart ho også nominert til Luttprisen - som årets nykommar frå Sogn og Fjordane.  


Sidan har MAIH gitt ut to singlar til,  “The Movie of Us” og "You Don´t Know Me Anymore». Begge desse har hausta gode tilbakemeldingar frå diverse musikkbloggar. Mellom anna frå Alfitude som spår at "MAIH er på veg til å bli blant Norges neste store poptalent".  Resten av debut-EPen slepper ho i september. 


Vi har stor tru på MAIH, og er glade for at ho vil spele ein intim minikonsert for ungdom under arrangementet Samvirket Ung. Ho kan også opplevast som ein del av storhendinga Festivalnatt på Dale Piazza, der det vert fleire musikalske overraskingar !