VEGEN TIL EI FREDELEGARE VERD/Festivalsymposium om diplomati og vegar til avspenning


LAURDAG 08.09 kl. 11.00

KAFÈSCENA SAMVIRKET


-Festivalsymposium med fredsdiplomat Kai Eide, Dag Hareide, Waheed Warasta, Elisabeth Eide og Khaleda Froagh !


Vi lever i ei tid med auka spenning og ny konflikt mellom aust og vest. Det er krig i Ukraina - men militær opprusting har komme på den politiske agendaen i fleire land, også her i nord.  Kor endar dette ? Medan media og politkarane snakkar om krig,  inviterer vi til festivalsymposium om fred.


Tema for festivalen i år er kjærleik, og noko kjærleik har til felles med ein stabil, famtidig fred, er at dei må vere bygde på tillit og tryggleik. Kva røynsler har verda når det gjeld fredsarbeid, og kvar står vi i dag? Korleis kan ein legge grunnlaget for ein varig fred?  Kva for krefter jobbar for avspenning, og kva tyngde og styrke har dei? Og kva rolle spelar media i kampen mellom  krigseskalering og avspenning. 


For å drøfte desse store spørsmåla har vi med oss eit råsterkt panel:


Kai Eide, har internasjonal tryggingspolitikk og krisehandtering som arbeidsfelt. Han har mellom anna vore FN sin spesialutsending til Afghanistan, Bosnia-Hercegovina og Kosovo, og vore ambassadør i OSSE  og NATO.


Dag Hareide, tidlegare generalsekretær i Naturvernforbundet og Kirkens Bymisjon, rektor på Nansenskolen, nødhjelpskoordinator i FN og ridder av St. Olavs Orden 1. klasse.

Han har mellom anna skrive bøkene «Mennesket og teknomaktene», «Hva er humanisme» og «Konfliktmegling. Et nordisk perspektiv»


Elisabeth Eidefilolog, medieforskar og forfattar. Professor emerita ved Institutt for journalistikk og mediefag ved Oslomet og leiar av Norsk PENs Afghanistanutval. Ho har jobba i Afghanistankomiteen, og sidan 2003 vore involvert i støtta til Afghansk PEN sitt arbeid med forfattarane sitt hus i Kabul.


Som ramme kring samtalen skal vi møte to fribyforfattarar og årets festivalkunstnarar;  Den afghanske poeten Khaleda Froagh og songar, poet og journalist Waheed Warasta.