HØGT ELSKA/FORTELJARLØYPE PÅ KYRKJEGARDEN 


SUNDAG 10.09 kl. 12.15

KYRKJEGARDEN VED DALE KYRKJE


- Høgt elska, djupt sakna. Forteljingar om våre kjære. 


I Dale ligg kyrkjegarden midt i bygda, omkransa av gamle, fine steinmurar. Det er ein velstelt plass som vert mykje vitja. Dei fleste som bur i Dale kjenner nokon der.  Dei som ein gong var ein del av liva våre, ber vi med oss i hjartet, med minner og historier. Legg ein historiene saman, vert kyrkjegarden i Fjaler ein berar av vårt kollektive minne, ein vev av våre røter og vår historie. 


I samarbeid med Jakob Sande - Senter for forteljekunst og Fjaler kyrkje, inviterer vi til ei heilt spesiell stund på kyrkjegarden sundag føremiddag. I forteljarløypa “Høgt elska...” vil forteljarar sitte ved steinane til sine kjære, og fortelje ei kort historie om vedkomande som ligg gravlagd der. Det kan vere ein son eller bror, ein venn eller ei mor, eller andre. Forteljingane vert overleverte til ein lyttar om gongen, og du kan sette deg ned ved steinen medan du høyrer på. 


Opplevinga er gratis og open for alle. Forteljarløypa varer ca. 1, 5 time, og startar rett etter festivalgudstenesta. Mark Taylor spelar musikk undervegs, og etterpå kan dei som vil samlast til kaffi og prat i Ljosheim. 


Alle som har ein stein på kyrkjegarden er òg velkomne til å delta i prosjektet, ta kontakt med Rakel i Jakob Sande- senteret: rcws@hotmail.com eller telefon: 97650966.