SONGAR FRÅ HEILE VERDA/

FOLKEMUSIKKPUB SPESIAL 


FREDAG 08.09 kl. 21.00

KLOKKARGARDEN 

JAKOB SANDE- SENTERET

-Magisk fredagskveld i Klokkargarden ! 


Kva får vi om vi kombinerer musikar Thea Hjelmeland med 100 UWC-elevar frå heile verda ? Noko heilt unikt, vil vi tru !  Legg vi til folkemusikaren Unni Løvlid, felespelaren Ester Tunander og folkedansaren Signe Dorthea Krohn Gjessing - saman med folkemusikklaget Havbrusen og språkkafeen med lokale songarar frå Kongo, Eritrea, Ukraina, Aserbajdsjan og Noreg - får vi ein nydeleg kveld i Klokkargarden, der musikk frå heile verda står i sentrum. 


Årets teaterfestival handlar om kjærleik- og med det om  fellesskap, om å møtest - og ikkje så reint lite om gleda ved å synge og spele. Vi har gått saman med Havbrusen folkemusikklag, som i to år no har arrangert folkemusikkpub i Løa. Folkemusikkpuben er ein samlingsstad der folk kan høyre og spele musikk, og prate samstundes. Saman med Havbrusen inviterer vi med dette  til ein utvida Folkemusikkpub-spesial, der det både vert både konsertar og allsong, musikk og dans, bål og pub. 


Programmet begynner oppe i Løa kl. 21.00 under leiing av Unni Løvlid, før det rundt kl. 22.00 held fram ute med Thea Hjelmeland og studentar frå UWC.  Det vert improvisert buskspel utover natta. Alle velkomne  !


Arr. Teaterfestivalen m Havbrusen Folkemusikklag og språkkafeen i Fjaler. Medverkande: Thea Hjelmeland, Unni Løvlid, Ester Tunander, Signe Dorthea Gjessing, Havbrusen, m.fl. Bålansvarleg er Sebastian Warholm og Ole Petter Ribe (Vadmelsbanden)