SKOGSPRINSESSA/EVENTYR I PARKEN 


LAURDAG 09.09 kl. 11.00 og 14.30 

SKOGEN/DALSÅSEN

- Vandreteater for alle dei minste - hjelp skogsalven Alva !  


Skogen treng hjelp, er du den rette? Bli med inn i skogsriket på eit viktig oppdrag og eit spenannde eventyr  ! 


Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår . Dei passar på at jorda er frisk og at dyr og insekt gjer det dei skal, slik at alt held seg i perfekt balanse.  No er det  skogsprinsessa Alva sin tur til å bli dronning, noko ho har øvd på i alle år. Men… alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen. Det er som om eit mørkre spreier seg i Alva, og dreg henne inn i tunge tankar. Kor kjem dette mørkret frå? Den vise soppen Fungi og den trufaste hoffbusken Buskelusk prøver å ordne opp så godt dei kan, men dei ser at dei treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska. 


Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape kulturopplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart dei nominerte til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok dei Bergen Teaterforenings pris Rampeløkten for sitt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken ynskjer å invitere liten og stor ut og inn i vår verd for å sjå ting kring oss på ein heilt ny måte.


Varigheit: ca. 1 time 


Manus: Stine Revheim Svellingen, Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Regi: Jan Neal Holden, Kostyme og rekvisittdesign: Tora Troem Kostymemaker: Julie Jensen, Medverkande: Stine Revheim Svellingen, Thomas B. Brandt, Amalie Jensen Tolo og Katrine Lovise Øpstad Fredriksen.

Foto: Kristian Glomnes.



Støtta av: Norsk kulturråd, Bergen kommune, Vestland fylke, Proscen, Westfal Larsens fond, Seanse, Sparebanken Vest, Bergesenstiftelsen, Jakob Sande - senter for forteljekunst.