FESTIVALNATT PÅ PIAZZA DALE/SIMEN FORMO HAY m.fl. 


LAURDAG 09.09 kl. 21.00

(INNSLEPP & SERVERING FRÅ 20.00)

DALE SENTRUM

-Yrande folkeliv og fest i sentrum !


I høve festivalen sitt 10-årsjubileum og opninga av Samvirket, vil vi slå på stortromma og lage folkefest i sentrum ! Vi har invitert regissør Simen Formo Hay og hans knallsterke team til å hjelpe oss med dette. Formo Hay er kjend for å lage store arrangement med mange involverte, og her vil han freiste å få med seg heile bygda til å lage ei festivalnatt av dei sjeldne ! 


Ein Piazza er det italienske namnet på ein marknadsplass eller eit torg. Ein stad som luktar av mat frå buer, med mopedar som tutar, bråkete gatemusikantar og ungdommar som spelar fotball. Rett og slett ein stad for yrande folkeliv. Inspirert av dette vil vi jobbe med å omskape det asfaltdominerte sentrum og lanserer like godt vår eigen Piazza Dale ! Arbeidet vil føregå i vekene før og under festivalen, fram til festivalnatta.


Laurdagskvelden byr på musikk, sal av mat og drikke, humor og uventa opptrinn, dans og meir ! Vi har fleire musikalske høgdepunkt denne kvelden, mellom anna kjem det smått legendariske bergensbandet Datarock , den spennande nykommaren MAIH, men også meir lokale størrelsar som deKOR, Dalsfjorden Spelemannslag og sjølvsagt Dale musikkorps, for å nemne nokon.


Vil du vere med på å lage ein festkveld for historiebøkene ? Ta kontakt med oss ! I tida før festivalen vil Formo Hay og teamet invitere til fleire mindre arrangement, og gjennom det samle alle i Dale som vil bidra til å skape den nye Piazzaen. Kanskje treng vi utemøblar? Kanskje må vi måle asfalten ? Kanskje må vi finne opp ein eigen song til plassen? Det må i alle fall heilt garantert pyntast, byggast, sjauast og leikast !



Konsept, regi og gjennomføring: Simen Formo Hay, Johan Hveem Maurud, Eilif Fjeld Teisbo, Jon Fosmark. Medverkande: Datarock, MAIH, deKOR, Dale Musikkorps, Dalsfjorden spelemannslag ++