DEN FYRSTE SONG/ Voggesong på tvers av kulturar


FREDAG 08.09 kl. 11.00

FJALER SJUKEHEIM


- Songprogram med skjulte skattar -  under leiing av Unni Løvlid !


Den fyrste kommunikasjonen barnet høyrer, er ofte knytt til song. Å synge for eit barn som ikkje enno kan uttrykke seg verbalt, skaper tryggleik og styrker kjærleiksbandet mellom barnet og foreldra,  slik er det verda rundt. Men kva likskapar og forskjellar er det mellom den norske voggesongtradisjonen og til dømes den som kjem frå Eritrea ? 


Teaterfestivalen har invitert folkesongaren Unni Løvlid til eit prosjekt som involverer språkkaféen og vaksenopplæringa i Fjaler. Gjennom samarbeidet har vi blitt

kjende med til no skjulte, lokale songskattar.  


På Fjaler sjukeheim fredag føremiddag, vil vi få presentert voggesongar - og forteljingar - frå land som Kongo, Noreg, Ukraina, Eritrea og Aserbajdsjan. Vil vi også opne opp for songdeling frå salen.


Unni Løvlid frå Hornindal er ein av våre fremste formidlarar av folkesong, og har vunne fleire prisar og utmerkingar for sitt virke. Ho har ei lang og rik musikalsk karriere bak seg, og har mellom anna gjeve ut plate med eldre bånsullar for born. Med seg til festivalen har ho felespelaren Ester Tunander og folkedansaren Signe Dorthea Krohn Gjessing. Samtalen vert leia av Torkil Sandsund.


"Den fyrste song" vert streama på Radio Fjaler i etterkant.