DATAROCK/ Konsert 


LAURDAG 09.09 kl. 21.00

DALE SENTRUM


-Datarock toppar Festivalnatta på Piazza Dale ! 


Kan vi kalle det ein aldri så liten sensasjon når eit av dei kulaste og mest særeigne rockebanda i Noreg kjem til Dale og headlinar det som vert tiårets største fest i sentrum ?   


Bergensbandet DATAROCK har halde det gåande i ein ung mannsalder, og har spelt over 1000 konsertar i 36 land ; vi snakkar alt frå festivalar som Coachella og Roskilde og 20 turnear i USA.  Mange har høyrt musikken deira i spel som FIFA, og reklamar for alt frå Apple, Google, Microsoft og Samsung til Coca Cola. Debutalbumet deira (gjeve ut på eige selskap) enda opp på NME si liste over årets album og Rolling Stone Magazine si liste over årets låtar.


I 2023 kjem Datarock med eit etterlengta, nytt album. «Media Consumption Pyramid" er produsert i samarbeid med Steve Dub (The Chemical Brothers) i Liverpool, og  Mark Rankin (Adele) i Los Angeles. 


Bandet er kjent for sine fantastiske og fengande live-show, og vi er utruleg stolte over å presentere dei på årets teaterfestival som ein del av den store sentrumsfesten laurdagskvelden. Ein kjøper billett til heile festen her !


Konserten vert ute, uansett vêr ! 


Fotokred. Tom Oxley.