SIRKUS STIG OG HENNY/WAKKA WAKKA

LAURDAG 12. 09. KL 14.00

SAMVIRKET SCENE


- Insektssirkus for dei minste ! 


Den Fantastiske Herr Reven presenterer verdas største og beste insektsirkus, fullt av magi og halsbrekkande sirkusnummer ! Ikkje gå glipp av den verdskjende akrobatmauren Maurizio Maurelli frå San Maurino, den levande gresshoppekanonkula Hopalong Gressidy og den livsfarlige Tigeredderkoppen!  Sjå den sensasjonelle snakkande hunden Svanti Schwantz, kontorsjonisten Rolli Polli, utbrytarkongen Billouni og den elegante linedansaren Prinsesse Paulina! Ein storslagen feiring av insekter, utan sidestykke! 


Framsyninga er ein del av "Teaterdag for born" i Dale, laurdagen. Lengde: ca. 40 min. Passer for 3 år og oppover.


Av og med Den Fantastiske Herr Reven og Wakka Wakka. Framsyninga er støtta av Norsk Kulturråd og utvikla i samarbeid med Sirkuslandsbyen og Figurteateret i Nordland.