FOTBALLSPELET/VINGE/MÜLLER

FREDAG 11. 09. KL 21.00

KUNSTGRESSBANA



- Vinge/Müller gjenskapar den viktigaste fotballkampen i noregshistoria ! 


Den tysknorske duoen Vinge/Müller har gjennom eit drøyt tiår utgjort eit av dei mest toneangivande kompania i europeisk teater.  Dei er kjend for sine ekspressive,  stiliserte og spektakulære teaterhendingar, som strekk seg langt utover standardformat både i tid og størrelse. Deira Ibsen-saga kan sjåast som eit av hovudverka i moderne teaterhistorie.


Denne kvelden er det riktignok ikkje Ibsen og teaterhistorie, men snarare fotballhistorie vi skal få oppleve. Nærare bestemt ei historisk hending på Ullevål Stadion, 9. September 1981. Og derifrå kan det gå alle retningar, i stuntformat. One night only ! Ope kiosk med sal av vaflar, pølser og mykje anna ! Under heile festivalen vil Vinge/Müller og ha ei utstilling nede i den gamle malebutikken til Solheim, med bilete og fotballmerchandise. 


«Fotball er ikke kunst. 

Fotball er ikke kultur. 

Fotball er fotball.» 

Dag Solstad.



Medverkande: Vegard Vinge, Ida Müller, Dale musikkkorps, elvar frå Fjaler kulturskule, m. fl.