STORE, SKUMLE MOBY DICK/ TEATER IBSEN

LAURDAG 12. 09

BADEVIKA

- Row-in teater for born med humor og spenning  ! 


I denne fartsfylte framsyninga, inspirert av klassikaren Moby Dick, vert borna invitert ut på eventyr - frå kvar sin båt ! 


Kaptein Akab er sikker på at den kvite kvalen, Store Skumle Moby Dick, har kidnappa sonen, og no vil han ha hemn. Han betalar Even og Talulah for å bli med på ekspedisjon.  Saman tek dei publikum med på ei reise under vatnet, for å finne Moby. Men etterkvart begynner Talulah å tvile på oppdraget, og fleire og fleire ting tydar på at ikkje alt er som ho først trudde.Kva skal Talulah gjøre, når det berre er ho, Even og Kaptein Ahab i ubåten, på tusen meters djup?


Store Skumle Moby Dick er eit humoreventyr for born mellom 5 og 10 år, om kvaler, frammandfrykt og kjærleik. Borna inviterast med på ein spennande reise djupt under havet, langt inn i hjartet.


Regi: Frode Gjerløw. Skodespelarar: Dagrun Anholt, Madeleine Barosen Herholdt, Preben Lillebø Rongve. Gjestespel frå Teater Ibsen.