FREDAG 11. 09. KL . 16.30

FORUNDERLIGE FORTELLINGER/SARAH CAMILLE

TRUDVANG


- Musikalsk forteljarteater for born ! 


På loftet i barndomsheimen, i ei støvete hylle, har Sarah funne boken «Emerveilles» (Forunderlig). Ei bok full av eventyr og underlige forteljingar frå den karibiske øya Martinique. Nokre av desse forteljingane vil ho dele med deg. 


Med musikk og eit billedleg språk vert barna invitert inn i eit forunderleg univers. Historiane vert fortalt med poesi, rytme og song, og dialogen med publikum er tilstades heile vegen. 


Poet, songar og forteljar Sarah Camille har eit særeide uttrykk og ei utstråling som treff ungane. Tekstane hennar er fulle av leikenhet, rytme og flyt; men også alvor og melankoli. Musikken beveger seg mot jazz, world, vise og urban.  


Med sin musikk og poesi har Sarah turnert bode nasjonalt og internasjonalt. Heilt siden ho i 2011 fekk tittelen «Norgesmester i Poesislam» har ho medverka i ein rekke sceneproduksjoner, bode som tekstforfatter og utøver, blant anna med Det Norske Teatret og Oslo Filharmonien. Sarah arbeider med born og unge på ulike arenaer, og er fast ved Den Mangfaldige Scenen. 


Medverkande: Sarah Camille Osmundsen og Busi Ncube (musikar).Visninga på festivalen er støtta av Jakob Sande-senteret og har fått kommunale DKS-midlar frå Fjaler kommune.