TESTLØPET/TIRIL PHARO


TORSDAG 08.09. kl. 13.00 og 16.30 

BANA VED UNGDOMSSKULEN

-Nokon gonger må ein gjere opprør mot foreldra !


Testløpet er ein familieframsyning om sanning og løgn, tillit og kommunikasjon. Klara er ei 12 år gamal jente med tre foreldre; mamma, pappa og bonusmamma. Ho skal møte dei - og publikum - på friidrettsbana, for å gjennomføre eit viktig testløp. Løpet vil avgjøre framtida hennar som friidrettstalent, og foreldra er spente.


Men Klara dukkar ikkje opp til avtala tid. Ho har valt å gjere noko heilt anna. Foreldra får berre uklare beskjeder om kor ho er. Kva skjer med Klara ? Korleis kan ho velje å skulke eit så viktig løp, og kvifor har ho ikkje sagt noko til foreldra ? 


Testløpet er ei interaktiv framsyning, der små og store publikummarar vert ekspertrådgivarar for dei vaksne karakterane i stykket, når dei havner i ein konflikt om og med Klara. Publikum vert delt inn i gruppar, som føl dei tre foreldra til Klara. Gjennom enkle oppgåver og dialog vert publikum dratt inn i dei ulike karakterane sine historier og perspektiv.


Framsyninga passar born frå 10 år, gjerne i lag med vaksne. 

Manus og regi: Tiril Pharo. Skodespelarar; Marthe Sofie Løkeland Eide, Bendik Ø. Johannessen, Kikki Stormo. Digitalt medverkande skodespelarar:  Astrid Lyngstad Pharo og Sofia Knudsen Estifanos. Fotograf: Trond Høines og Marthe Sofie Løkeland Eide. Dramaturg i delar av prosessen. Cecilie Lundsholt. Produsent: Tiril Pharo. Co-produsent: Østfold Internasjonale Teater. Støtta av: Norsk Kulturråd, FFUK, Dramatikkens Hus, Teatret Vårt, Østfold internasjonale Teater, Norsk Skuespillersenter.