TACOBITCH//dansekonsert 


FREDAG 09.09 kl. 22.00

GAMLE FJALER UNGDOMSSKULE

- Bli med på dansefest med Tacobitch !


Tacobitch er eit interdisiplinært kollektiv beståande av dansarar og musikarar. Sidan dei sprengte grenser for kva eit live show kan vere på By:Larm i 2019, har dei vore ein "snakkis" i både musikk- og dansefeltet, og spelt for fulle hus på festivalar og konserthus over heile landet. Musikken er feststemt, teatral og sporty, og - umogleg å ikkje danse til.  På Teaterfestivalen inviterer vi til ein uforglemmleg dansekveld i kantina på gamle Fjaler Ungdomsskule.