SKOGENS HEMMELIGE LIV/Apropos teater


SUNDAG 11.09. kl. 11.00

OPPMØTE v/ DALSÅSEN


- Utopi-laboratorium for dei minste ! 


Framsyninga Skogens hemmelige liv kombinerer  forteljarteater for born med sanseleg erfaring av skogen sitt fantastiske mangfald. 


Borna får gå ein tur inn mellom trærne til dei finn ein lavvo. Denne er scene for forteljinga.  Med både skodespelarar og ein antropolog som vertskap, vert borna invitert inn i eit utopi-laboratorium, der omtanke for skogen og alt levande i den, står sentralt. 



Idé av: Solveig Stoutland. Med skodespelarane : Grete Mikaelsen, Solveig Stoutland og antropolog Jan- Kåre Breivik. Regi: Vibeke Flesland Havre. Produsent: Laila Stokkevåg / Apropos Teater.