-Levande samtaler med festivalkunstarane
Radio Fjaler har på tredje året blitt ein festivaltradisjon. Her møter ein festivalakutelle scenekunstnarar, bygdefolk og relevante fagfolk i levande samtale som seinare blir lagt ut som podcast. Her vert festivaltema utdjupa og undersøkt, og ein får sjå litt bak i kulissane på framsyningane.
Radio Fjaler sin vert i år er Mariken Lauvstad; som skribent og scenekunstkritikar i Morgenbladet har ho eit skarpt blikk, ho er og dramaturg med eit stort hjarte for scenekunst for born og unge, og ellers ein sosialt engasjert og fagleg sterk debattant. I årets sendingar vil ho mellom anna invitere inn unge kritikarar og medskaparar på festivalen, nokon ekstra engasjerte scenekunstnarar, og ho vil leie sundagens borgarråd -der tema er korleis framtida vår er i endring. Detaljert program vert lagt ut i August.
Sidan vår faste festivalbase i Samvirket er stengt for oppussing i år, har vi flytta heile festivalkafeen og radiosendingane med - til kantina i gamle Fjaler Ungdomsskule. Velkommen !