MOR OG BORN/Agder Nye Teater


FREDAG 09.09 kl. 20.30

SØNDAG 11.09. kl. 20.30

STRAUMSNESET

(GAMLE BUTIKKEN PÅ KAIA)


- Stadspesifikk Fosse-framsyning på Straumsneset !


Jon Fosse sitt stykke Mor og barn er ein intens dialog om forventningene til morsrolla, om ungdomsopprør og om tilgivelse. I fjor sommar satte Agder Nye Teater opp stykket i ein nedlagt barnevognbutikk i Arenda, og stykket fekk glitrande kritikkar. 


Når dei no er invitert til å lage ei Fosse-oppsetning til på Straumsneset i Fjaler, er det med ei ny tolkning av dette verket. Det handler om ein gut som slit med erkjenninga om at han aldri var eit ønska born. Han vil konfrontere mora med dette. Gjennom å la ein skodespelar og eit kor stå for handlinga, tek ein stykket ut av den realistiske kammerspel-settinga det er skreve i og gjør det til ein universell, metafysisk og spektakulær naturoppleving som sirkulerer rundt barndommens traumer. Kan ein bære eit traume åleine ?  


Publikum opplever framsyninga frå eit amfi på utsida av butikken, og høyrer  lyden gjennom hovudtelefonar. 


Det vert satt opp buss frå Dale  til framsyninga fredag kveld !

Av: Jon Fosse, Regi: Magnus Sparsaas, medverkande; skodespelar  Sebastian Kjær og Cantus,  Stemme: Ingrid Giæver, Lysdesign: Markus Fadum, Eirik Lie Hegre og Tobias Leira, Scenografi: Tora Troe, Scenografiassistent: Sebastian Biong, Lyddesign: Ole Hagelia, Produsent: Amanda Øiestad Nilsen, Magnus Sparsaas og Cecilie Sunde Lien, Dramaturg: Sunniva Fliflet og Kai Johnsen, Grafisk design: Carl Lützen, Forestillingsfoto: Ivo Ek

Videodokumentasjon: André Tribbensee