Labyrint/KARAWANE


TORSDAG 08.09. kl. 21.30

DALSÅSEN (NKD)


- Stemningsfull konsert på Dalsåsen ! 


På opningskvelden har vi gleda av å invitere til ei unik konsertoppleving i verkstadhallen på Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen. Karawane er eit musikalsk samarbeid mellom Chris  Erichsen og Anette Röde Hagnell. Prosjektet har ein nomadisk natur og inngår nye alliansar på kvar stoppestad. Denne gongen skrur dei seg inn i eit kraftfullt og omsluttande visuelt univers i samarbeid med biletkunstnar Sigvei Ringvold.  


Labyrinten som åstad, tilstand og bilete av verda dannar utgangspunkt for prosjektet. Det handlar om murar og isolasjon, om å bevege seg djupare inn i mørket. Om å skru seg inn og fast i tankelabyrintar og algoritmar utan korrektiv. Vi blir dregne med i ein tankestraum framført med ekspressiv vokal, omslutta av lydbileta til Chris Erichsen og Snorre Sjønøst Henriksen. Prosjektet fekk terningkast seks under premiera i Skien i april i år, der  Telemarksavisa mellom anna skreiv : 


Anette Röde Hagnell og Chris Erichsens scenekunstprosjekt «Labyrint» foregår nær sagt i sanntid i en midtkrigskrise. Forestillingen er blitt et mørkt men bærekraftig kunstprosjekt i postcovidtid. (Marianne Solberg, Telemarksavisa)


Heile meldinga her:

https://karawane1.blogspot.com/p/presse.html

Med Anette Röde Hagnell (Tekst, musikk, vokal, trekkspill), Chris Erichsen (Musikk, diverse  instrumenter), Sigvei Ringvold (Rom, scenografi, kostyme), Snorre Sjønøst Henriksen (Musikk og  lydarbeid), Paulucci Araujo Bakke (Lysdesign og teknikk), Truls Hannemyr (Lyd), Kjersti Wold og Tor Arne Ursin (Tekstkonsulentar). Koprodusert av Grenland Friteater, Støtta av Norsk Kulturråd. Foto: Hans Petter Eliassen. Tusen takk til Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen for lån av lokale.