KRISTINA QUINTANO/Festivalforedrag

LAURDAG 10.09. kl. 10.30

LJOSHEIM

-Budbringaren frå helvete fortel. 


Kristina Quintano er journalist, oversetter, forfattar og forlegger. Ho er halvt norsk og halvt maltesisk, og frå Malta såg ho allereie for 20 år sidan

byrjinga på den tiltakande flykningestraumen som kom i overfylte båter over middelhavet, og inn på Maltas strender. Sidan den gong har Quintano, i tillegg til å arbeide frivillig med  nødhjelp for flyktningar, vorte ein særs viktig og empatisk stemme, frå ei krise som ikkje tek slutt. 


Gjennom Facebook-bloggen Budbringeren fra helvete, som i snitt har rundt 100 000 visningar dagleg, formidlar ho krisa i og rundt Middelhavet. Quintano løfter fram historier, både om dei som når land og dei som druknar, om kvifor dei legg ut, men og om  korleis det politiske spelet mellom EU og dei europeiske middelhavslanda gjer at mange som kunne ha vore redda, ikkje vert det. Quintano var den første til å motta Samtidenprisen, som går til mennesker som engasjerar seg i dei mest brennande og brennaktuelle spørsmåla i vår tid, og som klarer å sette dei på dagsorden. 


Vi er utruleg glade for at Kristina Quintano tek seg tid til å komme til Fjaler og Ljosheim - for fortelje om opplevingane sine, og gje oss eit innblikk i kva strukturar som fører menneske på flukt, korleis mottaksapparatet verkar og kva rolle vi og Europa har i spelet om desse menneska sine liv.