JORDA RUNDT PÅ 80 DAGER//FEIL TEATER


FREDAG 09.09 kl. 16.30

DINGEMOEN SKULE


-Leiken versjon av Jules Verne si klassikar !


I samarbeid med DKS Vestland, er vi glade for å kunne presentere ein ekte klassikar som ein del av programmet på Teaterdag for born ! Feil Teater er eit kompani som har utmerka seg for sine underhaldande framsyningar for eit ungt publikum. Dei treff målgruppa særs godt, og Jorda rundt på 80 dager vart kåra til «Årets framsyning» av teaterungdom.no i 2019.


"Energien er smittende og samspillet mellom skuespillerne er en fryd å beskue. Hver replikk sitter som et skudd og det som er tydelig innøvd og skjerpet koreografi, fremstår som lekent og uanstrengt på scenen."

- teaterungdom.no


Året er 1872, og den ekstentriske forskaren Phileas Fogg legg ut på eventyr for å vinne eit veddemål: Saman med sin kompanjong  skal han reise jorda rundt på berre 80 dager. På reisa må dei overkomme ei rekke hindringar som sett vennskapet på prøve. 


Jorda rundt på 80 dager er eit fargerikt og fantasifullt eventyr, og  Feil Teater sin versjon er eit fysisk og sjarmerande framsyning som leiker med musikkteatersjangeren. Fra stolane i teatersalen vert publikum invitert med på ei dramatisk reise over fleire kontinent. Framsyninga passar for vaksne og born over fem år.

Basert på ein roman av Jules Verne. Feil teater si framsyning er laga av: Skodespelarar og manusforfattarar: Mathias Augestad Ambjør, Sebastian Skytterud Myers og Christina Sleipnes. Musikk: Mathias Augestad Ambjør og Torjus Augestad Ambjør. Lysdesign: Thomas Gallagher. Plakat: Lars Halvor Andreassen. Framsyninga er støtta av: Norsk Kulturråd, Norsk Skuespillerforbund, SALT, Oslo Kommune, Spenn, DKS Vestland.