Høyer & Baksaas//POP UP-KONSERT OG FULLMÅNEDANS


LAURDAG 10.09 

FESTIVALLAURDAG 


      Baksaas + Høyer er ein av norges mest originale musikkduoer. Bandet består av den annerkjente techno-DJen Bendik Baksaas, og slampoeten Fredrik Høyer.  I ein blanding av kompromissløs bass og følelsesladde synther med crazy rim og far-out poesi, er dei kjend for sine eksplosive live-set rundt omkring på festivalar og små og stores scenar i landet. I 2022 kom det kritikerroste albumet «Hortensia ! Lenge sia!», eit album dei sjølv omtalar som «Ei uforbeholden kjærleikserklæring til heile verda». 


      Under festivallaurdag vil Baksaas + Høyer dukke opp og spele pop up-konsert rundt i Dale sentrum, og laurdags kveld vert det er skikkelig fullmånekonsert med bål i Klokkargarden. 


      Bendik Baksaas (f. 1990) fra Horten og er kjend som ein av landets mest karakteristiske elektroniskamusikarar og DJs.


      Fredrik Høyer (f. 1988) fra Drammen er ein ekte multikunstnar av sin generasjon, kjend som folkekjær poet, rappar, romanforfatter, skodespelar og dramatikar.