- Spøkelsesteater i Helle Knivfabrikk
I 1926 blei det funne ei kvinnegrav frå 500-talet i Holmedal. Ein båt med eit gravhus og eldgamle gjenstander vart gravd fram då meieri-fabrikken der skulle utvidast. Funnet tilsa at det var ei kvinne som låg der. Då Helle knivfabrikker tok over bygningane i 1943 begynte folk å snakke om ei dame i svart, ei dame som ikkje var av denne verda. Arbeidarane på knivfabrikken såg henne oftast inne i den eldste delen, mellom dei tyngste maskinene. Dei nekta å jobbe der på søndagskveldar for då fekk dei ei intens kjensle av å vere uønska.
På Holmedal Montessoriskule har dei lært om gravfunnet og oppmuntrar elevane til å finne ut meir. Jentene i 7.klasse tek saka i eigne hender og får tak i nøklane til Helle knivfabrikk. Dei snik seg inn seint ein søndagskveld og prøver å finne ut ein gong for alle kva som hendte med den Sorte Dame.
Aldersgrense: 9 år. Det vert satt opp transport til nokre av framsyningane.
Regi: Idun Losnegard. Skodespelarar: Ungdom i Stangfjord Teater.