KLIMA vs. DEMOKRATI ?

SUNDAGSSYMPOSIUM I UNGDOMSHUSET


SUNDAG 11.09. kl. 14.00

(Filmvisning og kafé frå kl. 13.00) 

UNGDOMSHUSET TRUDVANG

- Evner demokratiet å sikre framtida til dei utan røysterett?


Vi ser globale problem stige fram, klimaendringar, tap av naturmangfald, energikrise, geopolitiske endringar med vidare konsekvensar for matforsyning og levevilkår som tvingar menneske på flukt. Har demokratiet evna å vere i forkant av desse lenge varsla krisene? Kva innverknad har folkemeininga på korleis vi handterer krisene? Og er demokratiet eigentleg eigna til å handtere globale problemstillingar? 


Som avslutning på ein festival med HÅP som overskrift, inviterer vi til eit symposium om nokre av framtidas største utfordringar - og moglege løysingar. Til å drøfte desse store spørsmåla har vi fått eit heilt eineståande panel. 


Innleiing; Dag Hareide,tidlegare generalsekretær i Naturvernforbundet og Kirkens Bymisjon, nødhjelpskoordinator i FN og ridder av St. Olavs Orden. Har forfatta fleire bøker om forholdet mellom mennesker, demokrati og rettsvern.


Panel:

Kristina Quintano, forfattar og aktivist for menneske på flukt i middelhavet

Tiril Pharo,Regissør for framsyninga testløpet

Fritjov Urdal,historieforteljar og kommentator.

Johannes Servan, filosof og styremedlem i Folkelobbyen. 


Ordstyrar: Mariken Lauvstad,dramaturg, kritikar og skribent.

Til samtalen med publikum har vi spesielt invitert redaksjonen Unge Stemmer under leiing av Runa Borch Skolseg.


Chris Erichsen, teaterkritikar og medlem av det legendariske bergensbandet The AllerVærste!, deltek som salongmusikar og vil ramme inn arrangementet med låtar frå sittheilt nye soloprosjekt Bunnlinjen brenner.


Før symposiet anbefaler vi alle å sjå festivalfilmen «Enhver har rett til», om klimasøksmålet. Denvisast i Trudvang kl. 13.00, og varar ein halv time. Det vert kafé i Trudvang med sal av kaffi,kaker og salongmusikk fra 13.30.