TRO KAN FLYTTE FJELL/ Dokumentar

LAURDAG 11.09 kl. 09.00

UNGDOMSHUSET TRUDVANG

- Frukostkino på Trudvang !  

Ingenting er betre på festival enn å starte dagen med åndeleg påfyll ! Vi inviterer til morgonkino på Trudvang med visning av dokumentarfilmen «Tro kan flytte fjell». 


I filmen tek regissør Silje Jakobsen oss med til den vesle bygda Valldal på Sunnmøre. Herfrå flytta 24 år gamle Edel Gillebo for 30 år sidan, for å arbeide som kunstnar i Berlin. No vender ho attende, som den gresk-ortodokse nonna Thavoria. Saman med nokre av sine medsystrer har ho blitt  sendt på eit usannsynleg oppdrag. Nonnene skal byggje eit majestetisk kloster til ære for Olav den Heilage, ytst på ei utilgjengeleg fjellhylle som ruvar over bygda.


Ideen om eit kloster som skal huse nonner frå heile verda er ikkje kvardagskost for det vesle jordbrukssamfunnet.  Men nonnene har ein sterk støttespelar i ordførar Arne, som ser potensialet til å gjere Valldal til ein verdskjend turistmagnet, med eit gullforgylt kloster midt i dei i vakre Sunnmørsalpane. Men sjølv om kampen med det norske byråkratiet er hard, og  lokalbefolkninga er splitta i synet på saka, tilfører nonnene bygda noko nytt med sine refleksjonar og levesett. 


Visninga er gratis for alle med festivalpass. Ta med frukostniste -vi serverer kaffi ! 


Manus og Regi: Silje Evenstad Jakobsen. Produsent: Ingvild Giske. Produsert av : Medieoperatørene.