THE IMMORTAL JELLYFISH GIRL/WAKKA WAKKA

LAURDAG 11.09 kl. 19.30

SØNDAG 12.09 kl. 15.00

SAMVIRKET SCENE

- Spektakulært figurteater for vaksne !  

Menneska har leika Gud lenge nok - no er det dyra sin tur. I det prisvinnande figurteaterkompaniet Wakka Wakka si nyaste framsyning, "The Immortal Jellyfish Girl" står nemleg heile verda på spel. 


Langt inne i Eremozooikum, i einsemda sin tidsalder, sit teknologisk modifiserte menneske igjen som kongar på haugen. Berre nokre få artar i dyreriket er att. Det som ein gong var natur, er no berre ei karrig øydemark ruinert av krig og dekka med murar.


Men det finst håp. For det er framleis nokon som kjempar. Ein mann i revedrakt koordinerer i vår tid restane av motstandsnettverket A.R.I.O.T i framtida. Og i eit underjordisk laboratorium, midt i øydemarka, jobbar den rynkete og eldgamle Turtleman på ein hemmeleg plan for å utrydde menneska og gjenopprette økosystema på jorda. Dottera Aurelis, «The Jellyfish Girl» er nøkkelen. Men ho veit det ikkje sjølv enda.


Wakka Wakka er eit internasjonalt figurteaterkompani,  kjend for sine visuelt spektakulære, humoristiske og leikne figurframsyningar for eit vakse publikum. Dei har sin heilt eigne stil, og har du sett ei av framsyningane deira, vil du berre sjå meir ! I fjor viste dei den koronatilpassa monologframsyinga «Animal R.I.O.T» på den gamle saga i Bygstad. No er vi svært glade for at dei kjem med heile kompaniet sitt, og at vi kan presentere «The Immortal Jellyfish Girl», som hovudframsyning laurdag kveld.


Av og med: Wakka Wakka. Støtta av Norsk Kulturråd.