SPØKELSESHUS/Fabel ungdomsteater

LAURDAG 11.09 kl. 12.00-15.00

GAMLE KOMMUNEHUSET

- Drop- in spøkelsesteater ! 

Tør du å bli med opp på loftet i Gamle Kommunehuset ? Det seiast at det spøker der. Og om ikkje det gjer det til vanleg, så gjer det det i alle fall no !


Vekene før festivalen vil Fabel ungdomsteater innta det gamle, historiske bygget, og lage ei stadspesifikk spøkelsesframsyning, for den som tør! Dette er drop in - teater, som spelast for små grupper.


Passar for modige sjeler over 7 år !


På scena: ungdommar fra Fabel. Regi: Frida Kveane. Produsent: Marha Rolland Jacobsen. Scenografi/kostyme: Eva Meier. Lyd: John Trygve Mulhearn Evensen.


Produsert av Teaterfestivalen, i samarbeid med Fabel Ungdomsteater.  Fabel er eit samarbeid mellom Dale Ungdomslag, Jakob Sande- Senter for fortellerkunst og Fjaler kulturskule.