RADIO FJALER/ Morten Cranner & gjestar 

TORSDAG 09.09 kl. 15.30

FREDAG 10.09 kl. 15.00

LAURDAG 11.09 kl. 13.00

SØNDAG 12.09 kl. 15.00

  BARSCENA SAMVIRKET/UTESCENA PÅ FESTIVALAURDAG 

- Levande podcastsendingar !  

Vi gjentek suksessen fra i fjor med podcastsendingar fra festivalen ! Sendingane foregår i den koselige festivalkafeen vår, og frå utescena på festivallaurdagen. Her kan du møte nokre av kunstnarane bak årets festivalframsyningar og andre inviterte gjestar. I år er Radio Fjaler eit samarbeid med Dramatikkens Hus, og samtalene vert leia av regissør og dramaturg Morten Cranner. Sendingane vert både streama fra nettsida til Dramatikkens Hus, og lagt ut som podcast. 


TORSDAG 09.09. kl. 15:30: FADEREN & SONEN/

om farsrolla i kulturen og religionen

Kva har sokneprest Knut Arne Kummuneje, kunstmålar Erik Hovland, skodespelarane Torbjørn Davidson (”Flytende Speil” ) og Vincent Vernerie (”SOLA”) til felles? Jo, dei er alle aktuelle på festivalen - og i arbeida deira står ideen om FAR, heilt sentralt. I Radio Fjaler vil dei fire drøfte faren sin plass, i kvardagen og det nære, i arbeida deira - men og korleis vi les denne rolla i eit kulturelt og religiøst perspektiv.


FREDAG 10.09. kl. 14.30: TRO, TVIL OG YTRINGSROM/

Hauge + D’arc

Den revolusjonære katolske ungjenta Jeanne d ́Arce vart brent på bålet som kjetter for sin heilage overtydning i 1341. Lekmannspredikanten Hans Nielsen Haug skapte ei folkerørsle i Noreg på byrjinga av 1800-talet, og for det vart han fengsla fleire gonger. Skodespelar Juni Dahr har levd med Jeanne d ́Arc i snart førti år, medan Birger Løvlie har fordjupa seg i Hauge i si forskning på Høgskulen i Volda. I Radio Fjaler diskuterer dei tema som Tro og Ytringsrom, saman med Ole Mads Vevle, som er både religionshistorikar og performancekunstnar - og festivalaktuell med monologframsyinga ”KJÆRE G-d”.


LAURDAG 11.09. kl. 13.00: SONGAR OG DRØS/Om tru og overtru

Festivallaurdag vert det eit realt mestermøte mellom nokre av våre fremste historiebærarar! Elias Akselsen, pinsevenn og vår fremste forvaltar av tatarane sin songtradisjon, Terje Nordby, mytolog, dramatikar og visesongar, Fridtjov Urdahl, historieformidlar og skald. Med sine forskjellige utgangspunkt samlast dei på utescena i song, drøs og historieforteljing - i eit program som vil handle om Tru og Overtru, leia av regissør og dramaturg Morten Cranner.


SØNDAG 12.09. kl. 13.00: FRAMTIDSTRU PÅ BYGDA

Teaterfestivalen i Fjaler er inne i sitt niande år, og satsar stadig meir på produksjon av framsyningar. Når festivalen er over, går også startskotet for ei stor opprustning av Samvirket Scene. Huset skal stå klart til helårsdrift frå mars 2022, og vil da huse kompani og kunstnarar som vil produsere i Fjaler. Men korleis er det eigentleg å komme til Dale for ein scenekunstnar? Og kor ambisiøse kan ein vere i ein liten bygd? På den siste festival- sendinga vil Morten Cranner inviterer både lokale kulturprodusenter og gjestende kompani til ei framtidsretta oppsummering av fenomenet Dale, og ein refleksjon over kva som skal til for å skape ein god grobunn for kunsten.


Alle arrangementa er gratis og "førstemann til mølla".