MOTORPSYCHO MED VENNER 

SØNDAG 12.09 kl. 21.00

EVENTYRSKOGEN

- Årets konsertoppleving  !

Årets festivalavslutning er ei hending det kjem til å gå gjetord om i åra framover: Sjølvaste Motorpsycho spelar konsert i eventyrskogen !  Sjølv om Motorpsycho har halde seg i tet som eit av dei største rockebanda i Noreg dei siste tretti åra, har bandet alltid søkt nye vegar. Når dei no kjem til Teaterfestivalen er det saman med teaterkompaniet De Utvalgte, som vil stå for den visuelle og konseptuelle ramma saman med bandet. 


Motorpsycho har i alle år vore grensesprengande når det gjeld ulike musikksjangrar.  Musikken deira er kompromisslaus, eksperimentell, og rører seg innanfor sjangrar som psykedelisk rock, progrock, jazz, metal og punk. Bandet har base i Trondheim, og spelar over store delar av verda.


PRAKTISK INFO:

Konserten er ute, så kle dykk etter veret! Innslepp fra Einehaugen-sida kl. 20.45. Det vert sett opp buss i skyttel fra Samvirket i Dale Sentrum til Dalsåsen fra kl. 20.15. Frå Dalsåsen kan ein kan ein følge vegen med lyspunkter innover i skogen. Denne gåturen tek ca. 10 min. Ta gjerne med lommelykt til heimvegen - då er det mørkt! Publikum kan gjerne kjøyre bil og parkere sjølv på Dalsåsen, men vi ber om at ingen nytter bilvegen opp mot Einehaugen - der er det ikkje er plass til å parkere, og vanskeleg å snu. For spørsmål og påmelding til buss; ta kontakt med billettkontoret undervegs i festivalen, eller send oss ein e-post på: teaterfestivalenifjaler@gmail.com.


Medverkande: Motorpsycho: Bent Sæther, Hans Magnus «Snah» Ryan og Thomas Järmyr. De Utvalgte: Boya Bøckman, Kari Holtan, Torbjørn Davidsen, Anne Holtan og Anne Gerd Grimsby Haarr. Koreograf: Kristin Rygh Helgebostad. Dansarar frå Fjaler.  Produsert av Teaterfestivalen i samarbeid med De Utvalgte. Støtta av Norsk Kulturråd.