MANNEN OG KRÅKA/VADMELSBANDEN

FREDAG 11.09 kl. 21.00

TORSETBOTN

(oppmøte v/ Demma)  


- Vandreteater i skogen !

“Mannen han gjekk seg i veaskog, hei fara, i veaskog. Då sattt det ei kråke i lunden og gol. Hei fara, faltu riltu raltu ra. Og mannen han tenkte med sjølve seg, hei fara, med sjølve seg. Ska`tru om den kråka vil drepa meg?”


På teaterfestivalen i fjor, inviterte dei unge scenekunstnarane i kompaniet Vadmelsbanden publikum til festivalavslutning på Slettelandsstølen med «Høstbade» - ei magisk og stemningsfull framsyning som vert trekt fram som eit av fjoråret sine teaterhøgdepunkt i Norsk Shakespearetidsskrift.


No er dei tilbake med ei fullskala framsyning basert på den kjende middelalderballaden «Kråkevisa». Det handlar om mannen som skal til skogen og hogge ved, og må ta opp kampen med ei tilsynelatande enorm og dødeleg kråke. Og kråka vert nytta til mykje; mellom anna vert det både ny kyrkjebåt og nytt stoveglas.


Vadmelsbanden er eit teaterkompani som lagar framsyingar ute i naturen. Fokuset deira ligg ikkje på teknikk, men dei jobbar likevel med spektakulær biletskaping; med handlaga rekvisittar, eld, masker og akustisk musikk. I «Mannen og kråka» har dei med lokale aktørar; både Dale Musikkkorps og songarar frå deKor deltek. For dei som treng transport, går det buss frå Samvirket kl. 20.30. Bussen køyrer til Demma, der framsyninga startar, og publikum går samla opp til Torsetbotnen. Framsyninga varar i ca. 2 timar. Vi anbefalar alle å ha på seg vanntette sko/støvlar, og ei lommelykt til heimvegen. 


Regi/produksjon/medverkende ved Vadmelsbanden; Sebastian Warholm, Ole Petter Ribe, Simen Formo Hay, Eirik Vildgren, Mikkel Gundelach, Sindre Hansen, Brede Fristad, deKOR og Dale Musikkorps.  Støtta av: Norsk Kulturråd, Fond for lyd og bilde, Dramatikkens Hus, Fond for utøvende kunstnere, Bergesenstiftelsen, Fond for frilansere og Norsk sceneinstruktørforening.