SØNDAG 12.09 kl. 19.00

SAMVIRKET SCENE

JEANNE d´ARC/JUNI DAHR

-  Sterk framsyning om legenda Jeanne d`Arc !

Framsyninga ”Jeanne d’Arc”, hadde urpremiere på The Wall and Boyd Theater Los Angeles i 1988, og skodespelar Juni Dahr har sidan blitt spelt framsyninga i meir enn førti land og hausta strålande meldingar. I norsk teatersamanheng har denne framsyninga noko i nærleiken av ei legendestatus, på same måte som hovudpersonen har det i den katolske verda.


Det handlar om Jeanne d’Arc, ei ungjente som levde i Frankrike tidleg på 1400-talet. Ho kunne ikkje lese eller skrive, men då ho var tolv fekk ho ei stor, religiøs openberring. Jeanne d’Arc rakk å bli ein stor hærførar, som leia Frankrike til krig mot England, før ho vart brent på bålet som heks og kjettar som 19-åring.


”En utrolig fascinerende og intens forestilling(...) Lik sin rollefigur, Jeanne dʼArc, gir også Juni Dahr alt.”

(Oppland Arbeiderblad)


Det er med stor glede vi presenterer denne framsyninga på festivalen søndag kveld. Framsyninga vart i si tid skrive på engelsk, før ho vart gjendikta til nynorsk av Halldis Moren Vesaas.


Av: Juni Dahr og John Morrow. Med: Juni Dahr. Musikar på scena: Chris Poole. Lys: Marianne Thallaug Wedset/Frank Tangen