HARRY PÅTTER (med Å) /MADAM PYSJ

LAURDAG 11.09 kl. 13.00 og 16.00

SAMVIRKET SCENE

- Finnast magi på ekte ? 

I Harry Påtter (med Å) er det ikkje trollmenn og hekser - men tryllekunstnarar - som får opplæring på Galtvort. I dette universet er det korttriks, mynttriks og sage-ei-dame-i-to triks som er det mest prestisjefylte, men det går også rykter om at nokon sit på ein løyndom om ein bortgløymt kunst, nemlig ekte magi.


Madam Pysj er eit teaterkompani som har spesialisert seg på å lage leikent og humoristisk teater for born. I deira serie (med Å) er konseptet å gå laus på historier dei fleste kjenner til, men demontere og dekonstruere konsepta til berre tanken om kor det heile starta står att. Kompaniet har tidlegare hatt stor suksess med framsyninga Star Wårs (med Å).


Vi er glade for å presentere denne framsyninga for born i Fjaler i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane! Passar born frå 5 år.


Av og med aktørar frå Madam Pysj: Jonas Sandvik, Jacob Vigeland, Bjørg Sofie Eline Grutle Sætre, Daniel Frikstad og Thomas Stene-Johansen. Gjestespelet i Fjaler er støtta av Sparebanken Sogn og Fjordane.