MISJONSBASAR/ HÅLAND MISJONSFOREINING

LAURDAG 11.09 KL. 14.00

LJOSHEIM

- Freist lukka på basar ! 

Saman med Håland misjonsforeining vil vi invitere til misjonsbasar i Ljosheim.  I god tradisjonen vert det andakt og sang, åresal, matøkt med gode kaker, og lotteri med flotte gevinster. På grunn av smittevern vert det begrensa tal plassar, og "førstemann til mølla". 


Håland misjonsforeining vart truleg starta midt på 1930-talet, og har ein lang tradisjon for å halde basar. Tidlegare var kvinnene samla i heimane til kvarandre for å arbeidde med gevinstar. Dei brukte mellom anna ull som dei karda, spann og strikka vottar og sokkar av. Dei lodda også ut sekker med ull og basaren vart difor på folkemunne kalla «ullabasaren».


Dei første åra var basaren halde i eitt av klasseromma på gamle Dingemoen skule.  Nokre år var basaren i bomberommet, men tidleg på 1980 talet vart basaren flytta til Ljosheim. Då vart det også matøkt med servering av kaffi og kaker, i tillegg til åresal, loddsal på bok og trekking av alle gevinstane.  Håland misjonsforeining arbeider for Det Norske Misjonsselskap, NMS. All inntekt går difor til misjonsarbeid. 


Arr. Håland misjonsforening og Teaterfestivalen i Fjaler.