FESTIVALLAURDAG/ Kyrkjebakken/ Tusenårsstaden/ Øyra 

LAURDAG 11.09. kl 11.00 - 1500 

- FESTIVALLAURDAG FOR STORE OG SMÅ ! 

Etter ei lita pause i fjor, er vi svært glade for å igjen kunne invitere til vår tradisjonelle festlaurdag! Denne marknadsdagen har vore organisert på nye stader i bygda kvar gong, og i år inntek vi området kring kyrkja og Ljosheim. I tråd med overordna festivaltema er overskrifta over dagen ”tru og overtru” - og vi har mykje spannande på programmet! På utescena vert det konsertar og samtalar, og i husa rundt vert det ulike aktiviteter for store og små. Til framsyningane må du ha billlett - ellers er arrangementa gratis. Det vert sal av mykje god mat frå lokale bedrifter, mellom anna Leonards forlovelse, Fjord gardsmat og Yndestad gard.


PROGRAM: 


Kl 11.00 : Festivalgudsteneste / Dale kyrkje

Sogneprest Knut Arne Kumeneie inviterer til ei spesialgudsteneste med drama og teater. Her vil han ta oss med inn i tankane bak liturgien. Kvifor er den som den er ? Til å hjelpe seg har han med årets konfirmanter. Song ved Marie Skadal.


Kl. 12.00 - 15.00: Sande & tru / Gamle Skulehuset.

Lytt til opptak av Siri Sande som fortel om Jakob Sande sitt forhold til tru.


Kl 12.00: Konsert med Elias Akselsen / utescena

Ein av fremste formidlarana av taterfolket sine tradisjonssongar spelar på utscena framfor Ljosheim. 


Kl 13.00: Radio Fjaler: Songar og drøs om tru og overtru / utescena

Med Elias Akselsen, Fridjov Urdal, Terje Nordby.Samtalen er leia av Morten Cranner


Kl 12.30 - 14.30: #Mitru/ elvekanten på Øyra

Forteljarløaype med studentar fra UWC. Gå ein tur langs Dalselva, og sett deg ned på ein ledig stol og få eit nytt perspektiv ! Her kan du høyre korte, personlege forteljingar om tru med ungdom frå heile verda. Kvar forteljing varer ca. 5 minutt, den vert fortalt ein til ein.


Kl 14.00 : Hålandsbasaren / Ljosheim

Hålandsbasaren er ein tradisjonell ytremisjonsbasar. Det vert åresalg, kaker og kaffi. Inntektene går til Det Norske Misjonsselskap.



FØRESTILLINGAR ( born & ungdom):


Kl 11.00 + 14.00: Kvitebjørn Kong Valemon / Løa i Klokkargarden

Forteljarteater for dei minste - fra 3 år.


kl 12.00 - 1500: Spøkelseshus / Gamle kommunehuset

Med Fabel Ungdomsteater. Obs: aldersgrense 10 år!


Kl 13.00 + 16.00: Harry Påtter (med Å) / Samvirket

Magisk teater for born fra 6 år.



AKTIVITETER!


Kl 12.30 - 14.30 : Elvepadling med musikalske openberringar og uventa opptrinn.

Kanoutlån ved brua/Borgen.


Kl 12.30 - 14.30: Ri på ein «Einhjørning» for born / Gamlebadet

Dale og Ytre Sognefjorden Fjordhestlag. Pris kr 40.



Marknad: Elles er det Open Bokhandel /
Gamle skulehuset med boksignering og kaffi, Marknad der mellom andre Elias Akselsen sel kniver og visper.



Med atterhald om endringar - spesielt om det regnar er det lurt å sjekke nettsida for ny og oppdatert informasjon !