FADEREN/ERIK HOVLAND (UTSTILLING) 

OPNING TORSDAG 09.09 kl. 19.00

OPE KVAR DAG

DALE SENTER (2. ETASJE) 

- Bilete av ein far.  

Fjaler-kunstnaren Erik Hovland stilte våren 2021 ut ein serie måleri av far sin, på galleri USF Verftet i Bergen. Under Teaterfestivalen vil desse bileta stillast ut i pop-up galleriet i sentrum.


Det var under lockdown i 2020 at Erik Hovland begynte å måle far sin, Roald. Han måla etter fotografi, tekne gjennom fleire år. Han malå med raskt påførte strøk. Måleria vart større og  etter kvart mange. I vår stilte han dei ut i ei separatutstilling på galleri USF i Bergen. No kan du sjå utstillinga i Fjaler, i pop up-galleriet i sentrum.


Om prosjektet seier kunstnaren: «Eg er komen til eit punkt i livet der eg berre måtte gjere det eg ville. Eg har prøvd i minst fjorten år å lage den rette typen kunst, men eg følte aldri noko av det eg laga. Eg var lei på eit vis. No målar eg berre bilete slik eg føler dei. Eg vil at bileta skal vere som følelsar. Eg prøver å få fargar og tonar der dei skal vere, men så målar eg så fort og emosjonelt at bileta er fulle av feil på eit vis. Eg likar feila. Eg vil at bileta skal handle om min far. »


Erik Hovland er, som sin far,  fødd og oppvaksen i Fjaler. Han tok bachelor ved Wimbledon College of Arts og mastergrad ved Central Saint Martins i London. Etter tolv år i London flytta han tilbake til barndomsheimen i 2018. 


Utstillinga er open heile festivalen - gratis inngang.